Om Nynodata


Nynodata AS har meir enn 20 års erfaring med utvikling av ulike produkt for sambruk av bokmål og nynorsk i det norske samfunnet. Med våre verktøy kan du enkelt publisere meir tekst på nynorsk og søke etter relevant informasjon på tvers av språka.


Vårt mål er at nynorsk skal bli eit levande og oppdatert bruksspråk i alle samanhengar. Vi legg derfor vekt på at den enkelte organisasjon eller brukar kan tilpasse språket til føremålet med teksten, anten det gjeld geografiske omsyn, personlege preferansar eller «husnormer». Eit system for stilkontroll gir høve til slik tilpassing.


Basisressursane våre er godkjende av Språkrådet og ordtilfanget blir heile tida oppdatert med dei siste rettskrivingsendringane. I tillegg til eigenutvikla ressursar bruker vi opent tilgjengelege ressursar og open kjeldekode. 


I offentleg sektor er produkta våre sentrale i oppfylling av språklova, som tidssparande og kvalitetsforbetrande hjelpemiddel i ein travel kvardag. Kundemassen varierer frå små kontor med ei handfull tilsette, til store departement, universitet og etatar.



Klart for levering

Nynorobot


Nynorobot er Nynodatas nynorskrobot. Dette er ei nettbasert teneste som gir automatisk omsetting frå bokmål til nynorsk


Nynorobot Inkluderer stilkontroll, der du kan velje mellom moderat, radikal eller konservativ stil. Regionale malar med dialektpreg kjem etter kvart.


Stilkontrollen inkluderer mest alle valfrie ord- og bøyingsformer innafor nynorsk rettskriving.


Nynorobot kan koplast til CMS-system og Word.


Meir informasjon


Nyno v.3.3


Nyno er eit Windows-program for omsetting frå bokmål til nynorsk. Gir forslag til alternative omsettingar. 


Inkluderer stilkontroll, der du kan velje mellom moderat, radikal eller konservativ stil, i tillegg til regionale malar. Du kan også lage din eigen mal ut frå dine språkpreferansar.


Meir informasjon

Ordrik


Ordrik er ein pakke med elektroniske ordbøker for nynorsk, bokmål, bokmål til nynorsk, nynorske synonym. Inkluderer

ordforklaring til sentrale ord.


Nynorsk ordbok har stilkontroll, som markerer kva valfrie ord- og bøyingsformer som tilhøyrer den stilen du har valt (moderat, konservativ eller radikal stil).


Meir informasjon

Norsøk


Norsøk er ei teneste som søker parallelt i bokmål- og nynorsktekstar ut frå eit felles søkeuttrykk.


Norsøk er særleg aktuelt på heimesider eller intranett med einspråkleg versjon av tekstane.


Søkestreng på bokmål finn både bokmål- og nynorsktekstar. Det same gjer eit søk med berre nynorskord.


Norsøk kan integrerast med dei fleste  søkemotorane.


Meir informasjon


I arbeid

Stilkorrektur


Sjølvstendig produkt for stavekontroll og stilkorrektur kopla opp mot ulike system. 


Versjon for både bokmål og nynorsk. Korrigerer tekst til felles språkleg stil gjennom bruk av stilmal.


Meir informasjon


Stilmaleditor


Lag din eigen personlege mal eller "husnorm" for språkleg stil.  Du kan velje mellom alle valfrie ord- og bøyingsformer former innafor norsk rettskriving, bokmål og nynorsk.


Meir enn 25 % av alle orda i Bokmålsordboka og Nynorskordboka har valfrie former. Desse har vi delt inn i logiske stilkategoriar, som du kan sette saman til komplette stilmalar.


Editoren kan koplast til ulike program levert av Nynodata.


Eksempel på kategori