Nyno 3.x krev Windows 7 eller høgare. Det kan installerast på frittståande PC-ar eller på PC-ar i nettverk. Når du abonnerer eller kjøper programmet, får du eit lisensnummer eller lisensfil og godkjent lisenstal. Programmet blir lisensiert med éin lisens per brukar.
Programfilene er felles for einbrukar og nettverk, men installasjonsprosedyrane er ulike.
Du treng gyldig lisens for å kunne bruke Nyno på eigne tekstar.
Utan lisens kan du installere programmet og køyre det i demo-modus med ein standardtekst. Med demoen kan du sjå viktig funksjonalitet og korleis programmet arbeider, men ikkje bruke det til omsetting av eigen tekst. Nyno i demo-modus kan ikkje koplast til Word.
Installasjon einbrukar
For å kunne installere Nyno einbrukar, treng du gyldig lisensnøkkel. Denne får du etter at ordren din er godkjent av Nynodata.
Installasjon nettverk
Nettverksversjonen av Nynokrev ein sentral serverinstallasjon og installasjon av brukarspesifikke filer på klientane. Lokalinstallsjonen blir gjennomført automatisk første gong ein klient startar opp Nyno.
Nyno for nettverk blir installert med lisensfil.
Installasjon Word-kopling
Du kan kople opp Nyno til ulike Word-versjonar gjennom bruk av ein dokumentmal for Word. Denne følgjer installasjonpakken for eldre Word-versjonar, og kan lastast ned her for nyare.
Dokumentmalane innheld makroar som må klarerast for bruk gjennom dei vanlege tryggingsrutinane for Word-malar.
Copyright © Nynodata As, 2022