Bruk av Nyno


Rettleiing i bruk av Nyno finn du under Hjelp i programmet. Der blir dei ulike punkta i menyen forklart i detalj. Merk særleg det som er forklart under punktet Innstillingar, der du kan sjå detaljar på tre tema:


Språk

Du kan velje mellom ulike stilmalar (språkmalar) på skalaen konservativ til radikal nynorsk. I tillegg kan du velje regionale malar og du kan lage din eigen mal.


Programbruk

Her kan du justere måten du bruker programmet på. F.eks. kan du velje å køyre heile teksten igjennom på ein gong eller jobbe setning for setning. Du kan også velje å redusere tilbakemeldingar frå programmet.


Ordliste

Du kan endre eller gjere tillegg til ordlista. Sjå eiga rettleiing for dette.