Programbruk


Alle produkt frå Nynodata er enkle i bruk og treng normalt inga opplæring i tillegg til hjelpefilene som følgjer produkta. Du kan lese fleire detaljar under menypunktet Programbruk.


Nynorobot er ei automatisk omsettingsteneste for bokmål til nynorsk som kan koplast til tekstfelt i nettlesar, til CMS-system eller til Microsoft Office og Office 365 Desktop.


Nyno er eit omsettingsprogram for Windows som du kan bruke som eit sjølvstendig program eller kople til Word. Omset frå bokmål til nynorsk.


Ordrik er eit frittståande orboksprogram som blir brukt uavhengig av andre program. Ordrik er tilgjengeleg både for Windows, Mac og Linux.


Norsøk er ei teneste som søker parallellt på bokmål og nynorsk eller med synonym på eitt av språka. Tenesta er blir installert bak søkefeltet i nettlesaren din, og når du bruker tenesta,  treng du ikkje gjere noko ekstra. Men merk at du får tekstar på det andre språket sjølv om søkeuttrykket ditt er einspråkleg. Dersom du søker med høyskole, får du også tekstar med høyskole/høgskole (bokmål) og høgskole/høgskule (nynorsk).