Vanlege spørsmål Norsøk


Er Norsøk ein søkjemotor?

Nei. Norsøk er ein språkressurs og programvare for norsk, bokmål og nynorsk, som blir kopla til eksisterande søkjemotorar. Det er ikkje nødvendig å byte søkjemotor for å ta i bruk ressursen.


Kvar blir Norsøk installert

Norsøk kan installerast på kunden sin server eller hentast frå leverandørserveren. Større organisasjonar ønskjer normalt å installere det hos seg sjølv for maksimal kontroll.


Er det mogleg å søkje på andre språk enn norsk?

I dagens standardversjon er ikkje dette mogleg. Men Nynodata drøfter gjerne ei slik tilpassing for kundar som har behov for dette.


Kva er forskjellen på Norsk temasøk og Norsøk?

Det er ingen forskjell. Norsk temasøk er eit tidleg namn på produktet. Dersom du finn dette namnet i dokumentasjon som enno ikkje er oppdatert, gjeld dokumentasjonen Norsøk.