Eksempel stilmal nynorsk


Lag din eigen språklege stil med bruk av stilmalar.


Gjennom å velje mellom alternative former for meir enn 200 stilkategoriar for bokmål og nær 300 for nynorsk, kan du gi tekstane dine eit felles språkleg preg. Kategoriane blir samla i malar etter stilmessige kriterium, på skalaen konservativt til radikalt språk. Det er mogleg å lage eigne tilpassa dialektmalar eller interne standardmalar som kan fungere som "husnorm".


For mange av kategoriane som gjeld oppslagsord, kan du også selektere på stammer av orda. Har du valt dobbel i kategorien Dobbel- eller enkelkonsonant nedst i tabellen, kan du overstyre dette generelle valet for nær 30 ordstammer, f.eks. stammene til komme/kome (ca 200 ord) og hammar/hamar (ca 50 ord). For ulike kategoriar innanfor gjeldande rettskriving kan du finjustere stilmalen din for over 500 ordstammer.


Her er nokre eksempel på stilmarkørar for nynorsk som er registrert i stilkategoriane. Mengda av oppslagsord viser tal på ord i ressursane frå Ordbanken, som er merkt med NN_ORDBOK (henta frå Nynorskordboka), knapt 95000.




Eksempelkategori bøying

Ordform

Mengde oppslagsord (avrunda)

Bøying e- eller a-verb

forsvarte/forsvara

1450

Genus, hankjønn eller inkjekjønn

kiloen/kiloet

660

Genus, hokjønn eller hankjønn

prøva/prøven

1530

Genus, hokjønn eller inkjekjønn

søpla/søppelet

280

Valfri dobling av -m- i bøygde former substantiv

alderdommen/alderdomen

230

Inga ending eller -ar i fleirtal hankjønn

prosent/prosentar

60

Infinitiv -e eller -a

vere/kaste//vera/kasta

8000

Ending adjektiv inkjekjønn på -e/-ent

lunke/lunkent

780

Valfritt sterkt eller svakt verb

gnog/gnaga

40

Ending perfektum med stamme som endar på -g/-d/-v: -d eller -t

leigd/leigt

210

Perfektum på -dd eller -tt av kortverb

trudd/trutt

160

Imperativ av a-verb

kast/kaste/kasta

4620

Preteritum -te eller -de av ei gruppe verb

kjente/kjende

80

Ending er/ar og ene/ane i fleirtal hokjønn

heier/heiar

1450

Radikal form av perfektum sterke verb

tatt/teke

20




Eksempelkategori oppslagsord



Radikal eller konservativ stil, generelt

ansikt/andlet

5570

Radikale sideformer før 2012, likestilt etter

bilde/bilete

450

Konservative sideformer før 2012, likestilt etter

jul/jol

1060

Prefiks for- eller føre-

forsmak/føresmak

150

Valfri -ø- eller -øy-

skjør/skøyr

70

Inkjekjønnsord med -a eller -o i fleirtal

auga/augo

140

Valfri bruk av -j-, radikal sideform før 2012

bygge/byggje

1970

Dobbel- eller enkelkonsonant

kjøkken/kjøken

2560