Bruksrettleiing Nynorobot demo


Her finn du rettleiing til demosida for Nynorobot, som er Nynodatas nynorskrobot for automatisk omsetting frå bokmål til nynorsk.


Nynorobot omset ulike teksttypar frå bokmål til nynorsk med stilistisk språkvask av nynorskteksten.


Du finn demoen på https://nynorskdata.no.


Val av nynorsk stil

Du kan velje mellom tre ulike stilmalar: konservativ, moderat eller radikal nynorsk. Alle malane gir former innafor godkjent nynorsk rettskriving frå siste reform i 2012, med tillegg av seinare endringar frå Språkrådet. Siste oppdatering april 2020. Radikal stil er mest bokmålsnær, konservativ lengst frå. Moderat ligg midt mellom og kan brukast til dei fleste formål.


Etter kvart blir det lagt til ulike dialekttilpassa regionsmalar, for eksempel Sunnmøre, Rogaland, Hallingdal og Hordaland.


Det blir også høve til å generere eigne bedriftsinterne malar.


Omsett nettside

I inntastingsfeltet øvst på sida kan du kopiere inn ei nettadresse til ei side på bokmål. Trykk på knappen Køyr for å starte omsettinga. Etter litt kjem den omsette teksten opp på sida. Dette kan av og til ta litt tid, avhengig av linjekapasitet og belastning på serveren.


Unntak! Sider som er over ein viss storleik eller som inneheld kryssdomene (CORS), blir ikkje omsett. Det same gjeld sider som krev godkjenning for bruk av informasjonskapslar.  I demoen blir heller ikke all formatering korrekt. Dersom ein koplar Nynorobot til CMS-system, er ikkje dette noko problem.


Omsett tekst

I feltet til venstre kan du skrive inn eller lime inn eigen tekst. Trykk på Køyr, og den omsette teksten kjem opp i feltet til høgre.


Omsett dokument

Du kan hente opp fil frå maskina di, sende den til sørvaren for omsetting og laste ned ferdig omsett fil. Aktuelle filformat er .docx (Word).

Unntak! I demoen er det sett ei grense for kor store dokument du kan omsetje. Grensa er på 30 sekund.