Du kan bruke Norsøk på ulike måtar. Du kan integrere Norsøk på heimesida di som web-form, bruke det som ekstern web-teneste, eller knyte det opp mot indeksering. Kva metode du vel, er avhengig av trafikkvolum, infrastruktur, og kor stor fleksibilitet og kontroll du vil ha.
Vi har laga ein demo som viser hovudfunksjonane i Norsøk, www.oversett.no. Der ser du eksempel på korleis det kan fungere dersom du vil integrere Norsøk på di eiga heimeside. På demosida finn du også eksempel på korleis du kan konfigurere kva som skal inkluderast i søket.
I korte trekk skjer dette dersom sida di er kopla til Norsøk:
Når du tastar inn eit søkeuttrykk, blir dette sendt til Norsøk-serveren. Søkeuttrykket blir utvida med alternative ord, avhengig av konfigurasjon. Det kan vere ord på den andre målforma, synonym eller bøyingsformer.
Søkeuttrykket blir sendt tilbake og søkefeltet blir oppdatert. Er søket implementert som direktesøk, skjer oppdateringa automatisk. Er det implementert som assosiasjonssøk, kjem orda opp som forslag til tilleggsord som kan inkluderast i søket. Du kan også kombinere desse i eit kombinasjonssøk.
Eksempel på implementering av søkeuttrykket "arbeidsledighet høyskole".
I direktesøket blir alternative ord lagt inn automatisk. Du kan konfigurere kor mange alternativ du vil ha med.
Tilleggsorda kjem opp som alternativ der du kan velje kva ord du vil ha med.
Klikk på dei av tilleggsorda du vil ha med. Desse blir så lagt inn i søkestrengen. Eksempel:
Kombinasjonssøket gjer forskjell på nære og generelle synonym. Nære synonym er ord med identisk tyding, som høyskole/høgskole på bokmål og høgskole/høgskule på nynorsk. Generelle synonym er ord som ikkje er heilt identiske, men som ofte blir brukt med tilnærma same tyding. Eksempel er arbeidsledighet/ledighet på bokmål.
Kombinasjonssøket søker direkte med nære synonym og viser dei generelle synonyma som eventuelt tillegg.
Merk! Gjennom å konfiguere søket som søk berre på nære synonym, aukar du treffmengda utan at relevansen på treffa går ned.
Copyright © Nynodata As, 2022