Bruk av Norsøk


Til vanleg vil du som brukar av Norsøk merke lite til at det er installert. Norsøk kan installerast i organisasjonen din som direktesøk eller som avansert søk.


Vi har laga ein demo som viser hovudfunksjonane i Norsøk, www.oversett.no. Der ser du eksempel på korleis det kan fungere dersom Norsøk er integrert på nettstaden. På demosida finn du også eksempel på ulike konfigurasjonar av søket.


Konvertering av søkeuttrykk

I korte trekk skjer dette dersom nettstaden er kopla til Norsøk:


Når du tastar inn eit søkeuttrykk, blir dette sendt til Norsøk-serveren. Søkeuttrykket blir utvida med alternative ord, avhengig av konfigurasjon. Det kan vere ord på det andre språket, synonym eller bøyingsformer.


Søkeuttrykket blir sendt tilbake og søkefeltet blir oppdatert. Er søket implementert som direktesøk, skjer oppdateringa automatisk. Er det implementert som assosiasjonssøk, kjem orda opp som forslag til tilleggsord som kan inkluderast. Du kan også kombinere desse i eit kombinasjonssøk.


Bruk som direktesøk

Norsøk arbeider i bakgrunnen og konverterer søket ditt. Direktesøket inkluderer automatisk alternative ord med tilnærma same tyding og utvidar treffmengda.


Dersom du f.eks. søker med orda arbeidsledighet høyskole, blir søket konvertert til













Merk! Det er mogleg skjule tilleggsorda frå søkefeltet. Dette blir konfigurert i installasjonen. Men treffmengda blir den same anten tilleggsorda blir vist eller ikkje.


Bruk som avansert søk

Dersom Norsøk er installert som avansert søk,  får du opp ein boks med aktuelle tilleggsord som du kan utvide søket med. Tilleggsorda er gruppert etter språk og kategori. Klikk på dei av tilleggsorda du vil ha med. Desse blir så lagt inn i søkestrengen. F.eks. slik:




















Kombinasjonssøk

Kombinasjonssøket gjer forskjell på nære og generelle synonym. Nære synonym er ord med identisk tyding, som høyskole/høgskole på bokmål og høgskole/høgskule på nynorsk. Generelle synonym er ord som ikkje er heilt identiske, men som ofte blir brukt med tilnærma same tyding. Eksempel er arbeidsledighet/ledighet på bokmål.


Kombinasjonssøket søker direkte med nære synonym og viser dei generelle synonyma som eventuelt tillegg.


Merk! Gjennom å konfiguere søket som søk berre på nære synonym, aukar du treffmengda utan at relevansen på treffa går ned.


Søkemotoren overtar
Etter at søkeuttrykket er oppdatert, blir det på vanleg måte sendt til søkemotoren og du får resultatet tilbake.

Det er mogeleg å konfigurere Norsøk. Eksempel på konfigurasjon: søke med eller utan synonym, søke med eller utan omsetting, søke med eller utan alternativ bøying. Du kan også velje å søke berre på bokmål eller berre på nynorsk. Du får då eit einspråkleg synonymsøk.