Installasjon Nynorobot


Nynorobot er ei serverbasert teneste som du får tilgang til gjennom ulike applikasjonar.


Integrasjon med Word


Du kan sende tekst inn til roboten på tre alternative måtar frå Word:

Send avsnitt for avsnitt for eventuell korrektur og godkjenning, send heile teksten inn, eller send ei docx-fil inn. Alt blir lagt tilbake i Word.

Word-koplinga blir installert som MSI-fil lokalt på maskina. Du treng gyldig lisens for å kunne bruke Nynorobot frå Word.


Integrasjon mot CMS-system


Vi leverer ferdig API for integrasjon mot CMS-system. Kontakt Nynodata for detaljar.