Brukartips Nyno


Endre språkmalar

Dei førehandsdefinerte malane i Nyno skal ikkje endrast. Derfor er innstillingane her deaktivert når du hentar opp malen på menyvalet Innstillingar | Språk. Dersom du vil likevel vil endre malen, kan du lagre han med nytt namn. Alle malalternativa på den nye malen blir aktive og kan endrast fritt.


Unntaket er malen Normal. Denne kan også du endre i originalversjon. Malen Normal er identisk med malen Moderat nynorsk og står som standardmal når du tek programmet i bruk.


Lage ny språkmal

Dersom ingen av dei førehandsdefinerte språkmalane passar deg, kan du lage nye språkmalar på menyvalet Innstillingar | Språk. Ta utgangspunkt i ein av malane som ligg der, vel Lagre som og gi malen eit namn som høver. Alle endringar du gjer på språkinnstillingane blir no lagra på den nye malen.


Alle språkmalane blir lagra med eit særskilt filnamn på mappa Oppsett under C:\Users\(brukar)\AppData\Roaming\Nyno på den lokale maskina. Dersom du vil distribuere den nye malen til andre, kan du berre kopiere fila malen ligg på og distribuere denne.



Redigere ordlista på nettverk

Til den profesjonelle versjonen av Nyno høyrer det ein modul for å redigere ordlista. På nettverk blir denne lagt på serveren. Arbeid med ordlista krev meir språkkunnskap enn det ein kan krevje av den vanlege Nyno-brukaren. Derfor vil normalt berre utvalde personar ha tilgang til ordlisteredigering på nettverk.


Bruke eit fast alternativ for mangetydige ord

Nyno kjem med forslag til alternative nynorskord der det er brukt mangetydige bokmålsord. Eit typisk eksempel er ordet mulighet, der Nyno har 9 ulike alternativ på nynorsk. Meininga i setninga vil avgjere kva ord ein bør bruke. Ikkje sjeldan vil meininga i teksten vere eintydig for eit slikt mangetydig bokmålsord. Då kan ein bruke knappen Prioriter, som står på dialogboksen for alternative nynorskord. Den nynorskforma ein då vel, vil gjelde vidare i teksten kvar gong ein støyter på ordet, og ein slepp å vurdere alternativa på ny.


Ver likevel kritisk når du bruker denne funksjonen. Eksemplet mulighet blir brukt i så mange ulike meiningssamanhengar på bokmål at det er vanskeleg å prioritere eitt av alternativa gjennom ein heil tekst. Ordet regler er lettare å prioritere. Dette er fleirtal av anten regel eller regle på bokmål. Truleg vil berre eitt av orda kunne brukast i den aktuelle teksten.


Føremålet med prioriteringsknappen er å redusere talet på stopp med spørsmål om brukarrespons.