Bruke Nynorobot frå Office og Office 365 desktop


For å køyre Nynorobot frå Microsoft Office og Office 365 desktop, kan du installere eit Office-tillegg. På denne sida finn du nokre hovudpunkt.


For detaljert omtale, sjå:


Brukarrettleiing for Office.

Installasjon Nynorobot.


Omsett avsnitt. Peik på avsnittet, høgreklikk og finn alternativet Omsett til nynorsk. Når du vel dette, kjem det opp eit panel til høgre, med bokmålstekst for referanse og forslag til nynorsk omsetting. Her kan du redigere og endre teksten om du vil. Knappen Godkjenn byter ut bokmålsteksten i dokumentet med nynorsktekst.


Fordelen med omsetting avsnitt for avsnitt er at du har full kontroll på teksten og kan endre og godkjenne undervegs. Du kan omsette avsnitt i Word og Outlook.


Omsett dokument eller fil. Du kan også omsette heile dokumentet på skjermen i ein operasjon eller sende inn ei fil. Etter ferdig omsetting kjem eit nytt dokument med nynorskversjonen automatisk opp, saman med bokmålsdokumentet.


Omsetting av dokument eller fil er den raskaste måten å få teksten over til nynorsk. Med denne funksjonen kan du også omsette store dokument. Du kan omsette filer frå Word, Excel og Powerpoint.


Du kan velje omsetting frå dokument og fil på ei særskild verktøylinje for Nynodata på bandet Tillegg. Der kan du også endre innstillingane for bruk av stilmal. Standard er Moderat nynorsk, men du kan endre denne til konservativ eller radikal stil. Har organisasjonen din laga ein intern mal, kan du også bruke denne.



Bruk i Office 365 web

Tillegget for å bruke Nynorobot saman med Office 365 er tilpassa bruk gjennom nettlesar. Ta kontakt med Nynodata for meir informasjon dersom slik bruk er aktuell.