Stilmal


Nynodata har utvikla eit system med stilmalar som fangar opp stilforskjellar i språket. Både bokmål og nynorsk har mange valfrie former. Stilen i ein tekst er i stor grad avhengig av kva former ein vel.


Vi har registrert meir enn 200 kategoriar av valfrie ord- og bøyingsformer for bokmål og nær 300 for nynorsk. Med få unntak dekkjer dette alle valfrie former i godkjent rettskriving.


Vi fangar også opp ulovlege former frå gammal rettskriving, som automatisk blir korrigert til lovlege.


I ferdige applikasjonar blir kategoriane klassifiserte i stilmalar og sortert etter stil (konservativ/moderat/radikal) eller etter dialekt.


Systemet for stilmal opnar også opp for at ein brukar eller organisasjon kan lage eigne stilmalar tilpassa bruksområde, dialekt eller oppdragsgivar.


Bruk av stilmal i eit verktøy hindrar at ein i same teksten for eksempel skriv skole/skule på nynorsk eller boken/boka på bokmål. Det same kan gjelde på tvers av tekstar.


Saksbehandlarar som jobbar med same saka kan korrekturlese tekstane ut frå felles mal og sikre eit konsekvent språk. Forlag kan samordne tekstane frå fleire forfattarar i lærebøker og velje stil på språket. Kommunar med språkbruksplan kan lage sin eigen kommunemal og gjere det enklare for dei tilsette å oppfylle planen.


Noko av dette har i over 20 år vore tilgjengeleg gjennom omsettingsprogrammet Nyno®. Det er også inkludert for nynorsk i ordbokspakken Ordrik®, i Nynorobot og blir lagt til i korrekturprogram.