Angrerett


Som privatperson har du angrerett utan vilkår i 14 dagar når du kjøper programvare frå Nynodata. Merk at etter Angrerettlova §22, punkt j. fell denne retten bort for dataprogram når ein har brote forseglinga på programmet. Programvare frå Nynodata krev gyldig lisens og må aktiverast over Internett før du kan bruke det. Aktiveringa låser opp programmet for normal bruk og gjeld som vår forsegling etter lova.


Så lenge du ikkje har aktivert programmet, kan du derfor innan 14 dagar frå kjøpstidspunktet angre kjøpet og be om å få pengane tilbake. Til dette bruker du eit særskilt skjema som er fastsett av styresmaktene. Fyll ut skjemaet og returner det som vedlegg i ein e-post til salg@nynodata.no.


Last ned skjema for angrerett

Skjema i Word-format for utfylling på skjerm

Skjema som PDF-fil for utskrift