Bruksrettleiing Nynorobot


Nynorobot omset automatisk ulike teksttypar frå bokmål til nynorsk med stilistisk språkvask av nynorskteksten.


Val av nynorsk stil

Du kan velje mellom tre ulike stilmalar for nynorsk: konservativ, moderat eller radikal nynorsk. Alle malane gir former innafor godkjent nynorsk rettskriving frå siste reform i 2012, med tillegg av seinare endringar frå Språkrådet. Radikal stil er mest bokmålsnær, konservativ lengst frå. Moderat ligg midt mellom og kan brukast til dei fleste formål. Les meir om stilmalar her.


Har du behov for regionale malar eller bedriftsinterne malar, kan du ta kontakt med Nynodata.


Omsett tekst

I feltet til venstre kan du skrive inn eller lime inn eigen tekst. Trykk på Køyr, og den omsette teksten kjem opp i feltet til høgre.


Omsett fil

Du kan hente opp fil frå maskina di, sende den til sørvaren for omsetting og laste ned ferdig omsett fil. Aktuelle filformat er .docx (Word), .xlsx  (Excel) og .pptx (Powerpoint). Etter at omsettinga er ferdig, får du opp ei lenke for nedlasting av den omsette fila. For små filer går dette på nokre få sekund, større filer tar noko lengre tid. Eit timeglas viser at sørvaren jobbar.


Omsetting frå Word

Du kan installere ein eigen modul for å kople Nynorobot til Word. Sjå rettleiing for bruk frå Word.