Personvernerklæring Nynodata AS
Denne personvernerklæringa fortel korleis personopplysningar
blir samla inn og brukt av Nynodata AS.
Dagleg leiar i Nynodata AS er ansvarleg for korrekt behandling av
persondata. Det er viktig for oss at du som kunde skal vere sikker på at
oppbevaring av dine data skjer på ein sikker måte.
Nynodata nyttar informasjon du gir oss til å gjennomføre pliktene våre til
deg som kunde.
Dersom du har gitt samtykke til det, blir også opplysningane nytta til
å gi deg informasjon og tilbod via e-post. Du kan når som helst takke nei til å
ta imot slik informasjon frå oss og melde deg av utsendingslista.
Når du handlar på hos Nynodata, lagrar vi namn, e-postadresse,
postadresse, telefonnummer, produktopplysningar, betalingsinformasjon og
lisensinformasjon. Vi lagrar ikkje sensitiv informasjon. Kortopplysningar har
vi ikkje tilgang til. Desse blir behandla hos vår leverandør av nettbutikk og
følgjer internasjonale standardar for kryptering,
oppbevaring og sletting. Les meir her.
Vi lagrar dei personopplysningane du gir oss i samband med anten a) kjøp
av programvare eller b) installasjon eller bruk av programvare.
Vi bruker ikkje informasjonskapslar.
Bruk av våre sider på sosiale medium er underlagt personvernet på det
aktuelle mediet. Vi registrerer ikkje informasjon om personar som bruker våre
sosiale medium.
Vi sender av og til ut informasjonsskriv til alle som har aktivt
godkjent at dei ønskjer dette. Ein kan når som helst melde seg av denne tenesta
og bli sletta frå distribusjonslista gjennom å trykke på lenke i tilsendt
informasjon.
Personopplysningar blir tekne vare på så lenge behovet er til stades, eller
i vel fem år for rekneskapsdata. Du har rett til å be om innsyn i kva
opplysningar vi har registrert om deg og grunngiving for korleis vi bruker dei.
Du har rett til å klage til Datatilsynet dersom du meiner informasjonen om deg
blir brukt på feil måte.
Dine persondata er verna gjennom tilgangskontroll på våre eigne
serverar.
Dersom behovet for personinformasjon eller reglar for oppbevaring endrar
seg, blir denne personvernerklæringa oppdatert.
Eventuelle spørsmål om vårt personvern kan du sende skriftleg til
personvern@nynodata.no eller kontakte dagleg leiar på telefon +47 - 35 95 01
50.
Oppdatert versjon per 10.06.2018