Skriv nynorsk på nynorskdagen!


Imponer deg sjølv og kollegaene dine med nynorsk den 12.mai!


Last ned Word-kopling til Nynorobot

Kvart år feirar vi nynorskdagen 12. mai. På denne datoen i 1885 gjorde Stortinget vedtak om at bokmål og nynorsk skulle vere likestilte språk i Noreg. Den nye språklova som gjeld frå januar i år går lenger og pålegg offentleg sektor eit særleg ansvar for å publisere tekst på nynorsk.


Nynodata tilbyr gratis bruk av dataverktøy for nynorsk den 12. mai. Prøv sjølv og sjå kor raskt og enkelt det er å lage gode nynorsktekstar! La oss saman sørgje for at nynorsken fløymer over landet denne dagen!


Skriv du bokmål til vanleg og vil få teksten enkelt over til nynorsk?


Bruk Nynorobot, Nynodatas nynorskrobot, med automatisk omsetting frå bokmål til nynorsk. Vi trur både du og kollegaene dine blir imponert når dei får sjå resultatet!


Testar viser frå 95 - 98 % korrekt nynorsk og ein tekst på 5 sider tek 4 sekund å omsetje. Hurdalsplattforma til regjeringa på 82 sider tek ca 30 sekund.

Fleire detaljar her.


Last ned Word-kopling til Nynorobot (gjeld Word2016 og seinare versjonar). 10 dagars gratis bruk.
Bruksrettleiing.


Har du ikkje tilgang til Word, kan du omsetje frå denne nettsida: https://nynorskdata.no.


Lukke til med nynorsktekstane dine den 12. mai!


Helsing oss i Nynodata


Nynodata stør opp om Noregs mållag og Norsk målungdom sitt arbeid for meir bruk av nynorsk. Dersom du ikkje alt er medlem, kan du melde deg inn her:
Innmelding Noregs mållag: https://www.nm.no/bli-medlem/
Innmelding Norsk målungdom: https://malungdom.no/meld-deg-inn/